3/05/2018

Kom skal me strikka sokkar til far.... og son osv.

Me har hatt kuldegrader i da sista!!  Då må alle føtter få varme og gode sokkar!  Kasta meg ned i garnkassen og fant ein del sortar garn som kunne høve! 


 Små og slanke føter - som sat godt på foten til str 36. Garn frå Adlibris.   Dei blå fekk "mannen" - Hjertegarn med aloe vera.  Enkelt garn på pinne 3 mm.      
Baybsock frå Permin, er dobla i desse svarte. ( Str. 44) Dei vart ikkje så tjukke på pinne 4 mm)
                     Trur desse to para i dobbelt garn, varmer best.  Mjuke vart dei og
Arwetta og Fabel, gjekk ilag i damestr. 39. Tykjer sokkane sit godt på foten med vrangbord over rista.

I skrivande/strikkande stund har eg byrja på herresokkar med hundetannmønster.  (enkelt garn sokkegarn her, på pinne 2,75 mm)

 Så,- måtte eg berre hekla att.  Ei veske med skinnhankar.   Lin/bomullsgarn frå Drops
 Restane av garnet er limt på glasskrukker og flaske med limpistol.
Sjå kva eg fekk av mammo mi!  Ho hadde igjen fått av ei venninne som igjen hadde arva/fått av eldre damer på Sørlandet.   Slike finputla handarbeid får eg ikkje til, men du så fine dei er! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...