Eg har merka at sommar og varme ikkje gjer same arbeidslysta på strikke/hekle- fronten. No har det og vore travel ferietid med biltur nordover i landet vårt. Då eg er forveten på å sjå rundt meg, kan eg jo ikkje strikka i bilen. Blir heldigvis ikkje bilsjuk, så det kan gå ann. Helst i ferjekø er det greit å sysla litt.
Strikka meg ein bomullstopp i Mandarin Classic (som Sandnes ikkje produsere lengre). Måtte spe på med litt svarte striper, for eg trudde eg fekk for lite millitærgrønt. Etter toppen ferdig, fant eg eit nøsta til - på kistebotnen. 😕😏 Mønster finnes i Novita 1/2018. Grådig gøy å begynna med ei i-cord!!
Eg har hekla ferdig teppet. 86 lappar, ventar på synåla!!
Tidlig ferie på meg i år, så før St.Hans, byrja to ektepar turen nordover mot Glomfjord
Alldeles topp tur med fantastiske naturperler i landet vårt. Svartisen overfor cruiseskipet.
Eg fekk dilta i spora til mann, svigerinne og svoger, etter gamle tufter i Spilderdalen. Gjorde ingenting at sko og sokkar vart våte på eventyrferda. Det var så fint å komma opp til "verdens ende" i dalen og finna rester etter sauafjøset. Og veta at her vart mormor til mann min, fødd (som trilling!!!) Slektningar i Glomfjord synte foto av plassen med hus og folk. Nostalgi på høgt plan!
Me var innom Sverige på heimturen. Der fann eg nokre funn på "loppis" for Røde Kors. Gav 10 kr for vottemønsteret, med litt garn. 50 kr for mønster og stoff til Jamtlandsskjorta!
Ha riktig god sommar! Blomane her er i frå gate i Røros! Opplevelse å få koma der!

| Ein kvan har byrja brodere. Spennande om eg får detta til. Må jo berre prøva!! |
Ha riktig god sommar! Blomane her er i frå gate i Røros! Opplevelse å få koma der!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar