6/08/2018

Teppet for hausten er klart

Men, eg måtte juksa litt i kanten for at garnet på 325 gram (Klinta Wolle)  - skulle halda.  
 Det er "torirot" sitt design.  Eg var med på ein along på Ravelry, i fjor sommar og strikka babyteppet "Norsk sommer" .   Same mønster, då uten blomar som de ser.  I kanten måtte eg kutte omganger mellom bølgene, men kom opp i samme masketal på litt over 1000!   Nå har eg teppe for to årstider.  Veldig kjekt å strikka sjølv om det vart varmt når temperaturen tangerte 30 grader i slutten av mai.
  Eksplosjon i hagen - alt blømer tidlig i år -- kven hadde trudd det? Frost i Påska, to-tre dagar vår og så sommar.   Her på Vestlandet har det ikkje regna på ein heil måned!!!!  
    Ein dag her i mai, fant eg på å hekla ny reim til klokka mi.    Den vart eg svært nøgd med!

Eg ønsker god sommar, uvisst når eg kjem tilbake med ny blogg.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...