8/20/2018

Bruksjakka i raudt

Som skrevet i forrige blogg, har eg sansen for Marte Helgetun sitt enkle design.   På 8 dagar strikka eg meg bruksjakka frå heftet "hverdagsfavoritter"
 Mørkeraudt er visst haustens motefarge -- ikkje visste eg det.  Eg sakna berre litt den fargen i garderoben min.   Brukte nesten 7 nøster Drops Air i jakka. (pinner 5 mm)   Og det garnet holdt til pinnemål og størrelse i frå oppskrifta. Gøy å strikka, ovanfrå og ned.  

Tykkjer det vert dyrt  å kjøpa fancy trykk-knappar til nesten 30 kr stk.   Så då fant eg noko svart skinn, klyppa sirklar og monterte bakpå knappane.  Berre på dei som vert synlege.  Litt tekstillim under skinnet, held dei på plass.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...