8/12/2018

Oversize Alvetopp, m.m....

Kjøpte eit hefte av Marte Helgetun - Hverdagsfavoritter.   Blei heilt "gåen" av å sjå den fine Alvekjolen hu Marte, har i heftet sitt.   Eg gjekk for M og garnet Merino Extra fine (Drops) -" og du og du", som eg angra på det.   Liker fargen og at det er mjukt og godt.  Men, den blei jo sååå stor !  Stoppa med eit lengre bråt enn å lage ein diger kjole.   Har igrunn funne meg enig med meg sjølv om å  ha den litt slik, oversiza!!  Mykje fint i heftet forresten - skal nok bruka det flittig! 


                Enda eit ballerinasett til dukka - er  hekla.  Skal berre tre strikk i kruna - slik at dukka får dansa med den på.
 Så har eg byrja på hauststrikk og eg!  Måtte nytta det nydelige minkgarnet, eg kjøpte for to år sio.  Blanda med alpaca Silk (to nøster)  Strikka med ein tynn og ein tjukk pinne, montert på knitpro-vaier.
 Litt større masker i patentstrikk, når ein strikker dei vridde rette med den tjukke pinnen.  Skjerfet måler 2 meter, med frynsepynten.


    Pompaduren etter Nina Granlund Sæther's oppskrift i Hjemmet 28/18.   Har "juksa" litt og strikka den noko mindre.  Detta fordi eg hadde berre to nøster MorAase bomullsgarn i denna blåfargen. (Kjem nok til å sy fòr i veska)
Har og fått tid å hekla ein "guttemann" - etter oppskrift i alt om Håndarbeide 5/2018

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...