8/03/2018

Skjorta med Jämtlandsaum

På tur gjennom Sverige, så kjøpte eg ein pakke med stoff og brodèrgarn for 50 kr.(Loppis for Røde Kors)  No kan eg skryte på meg å fått til Jämtlandsskjorta!  Du får ikkje gå heilt innpå saumen, for eg plundra fælt med desse firkantane-- under armane.   Men, veldig kjekt å få den ferdig.  
 Litt kort for meg på armane, men dei kan eg bretta opp.  Blei så nokolunde bra, broderinga.  Har ikkje noko erfaring med slikt.

                Då været har vore så fint og varmt i sommar, så har eg helst hekla med bomullsgarn.  Og då litt dukkeklær.   Dette sette kom utav krok og tankar.  Passa til dukke på ca 35 cm

                                      Liten bamse etter engelsk oppskrift.
 Gave til babyjente
   Maneter/blekksprutar og eit nett - hekla av restar (bomullsgarn)   Fekk bestilling på desse.

 Enda litt dukkeklær.  Oppskrift i Fantasifulle dukkeklær /Lise Nymark
                     Duppedingsar
Eg må ta med eit foto som får symbolisera at eg er i sorg for tida.  Far min sovna inn, siste timen i Juli.   Han har vore lenge sjuk, så sjokk vart det ikkje.  Men, når gode minner straumer på, så er det ikkje fritt at tårene kjem. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...