5/02/2020

Litt lengre Mosejakke - samt "Egostrikk"-skjørt

Travel med strikkepinner og heklenål , synes du?? - men, så er har det fortsatt vore slik at eg har holdt meg heime på fritida. ( Dette si eg jobber i helsevesenet=  og må unngå smitte for alt eg kan)  Nå begynner eg å krible litt meir til å ta fram spade og hagesaks, så det blir nok ikkje så mykje store handarbeida framover.
              Strikka ekstra lang - det liker eg godt! Brukt Dale Alpakka/grått og Soul (dsa) lillamelert.
                                     Liv Stangeland er designer.  I Familien 5/2020 var oppskrifta.
 Blinknappane hadde eg kjøpt lenge før eg planla jakka.  Dei har lagt på vent
 skjørtet er den lengste utgava frå Lene Holme Samsøe si bok.  Fornøyd med passformen.  Eg fora skjørtet med ei stor t-skjorte (avklypt under armane og nesta på under linningen)
 Me fekk nydelege dagar i april - eg mala ei kabelsnelle kvit.  Greit med ekstra bord. Så har eg pusla samen nokre skiferheller.  Ein god hagekrok til - er ikkje å forakta.  Morelltreet står så fint som ein parasoll med blomane sine.   Satser på moreller seinare. Bier og humler har surra mykje i vår.

               Sliter med smerter i eine kneet.  Denne saken er ideel å plukke ugras frå plen og bed.  Nesten fått meg  ny hobbi!   Kjøpte på Mekk, for ca 200 kr.  
 Har hekla litt og - det er ikkje så ofta.  Men, kjekt innimellom.


Takk for besøk i bloggen min!  Det er som ei dagbok for meg.   Ha fin tid, på tross av Koronavirus og rare tider! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...