5/24/2020

Litt omstrikk, litt prøv og feil

To toppar har eg strikka bolen, på ny.  Det er veldig greit å gjere, når ein byrjar ovantil.  Alvetoppen vart altfor vid og kort, men nå er eg nøgd.  Brunrosa topp, var og vid og kort.  Fekk den og lengre.  Brukte ein engelsk flette i bråtet, til slutt!
                    Etter opprekk, blir garnet litt bulket - men, det retter seg etter vask og damp/blokk.

                       Her har eg hekla ein botn til veske med opprekksmasker. Denna teknikken lærte eg av mor mi.   Strikker rett rundt. På felleomg. slepper eg ned kvar 4. maske.  Desse drar eg ned mot botnen, og det blir slik.
 Hekla rundt med halvstaver og laga hanker på nettet mitt.  Det rommer utrulig mykje.

      Finner stadig nye idear på Pinterest.  Desse sokkane/tøflene var enkle å strikka

                           Eg har testa å strikka lua etter ein hekla modell.  Det var gøy å få til.

 Tova lua og sydde opp bremmen med knappar


 Ceasystrikk i gavebånd.  Ville pynta nokre store murerbøtter.  Det er ikkje ideelt å ha desse belta ute. Ikkje hos oss på Vestlandet.  Regn og vind, ødelegger fort.  Men, i drivhuset eller innandørs for show, g å r    det jo greit!!

 Frihandshekling.   Perlene som auger, er hekla inn, ikkje sydd på.     Litt kjekt med babystrikk av bomullsgarn.

 Desse sokkane fekk eg dilla på.  Så fine på føttene.    Ikkje vanleg at eg strikkar fleire av ein sort,  da seier jo litt!??
 Siste par er ikkje kome av pinnen (magic loop)  - veldig greit å halda den teknikken ved like.

4 kommentarer:

  1. Du er så kreativ og lager så mykje forskjellig, og det i ein fart!
    Likte veldig godt lua di, flotte toppar og! Sokkane er veldig kjekke å strikka og dei er gode på foten.
    God pinse til deg og dine!

    SvarSlett
  2. Tusen takk!! Riktig God Pinse!

    SvarSlett
  3. Du o du!Her var det mye fint ;) hvor skal jeg begynne..? Du e ganske unik du Linda, flink med alt jo, de nydeligste strømper, ei toppers lue, nydelige topper, kosedyr..wow! Du, de blokkerne i strømpene, hvor har du kjøpt dem? ser så lett og fin ut. God helg til deg Linda

    SvarSlett
    Svar
    1. Takker så inderlig. Sokkeblokkere, husker jeg ikke helt, mulig webs yarn?🤔

      Slett

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...