I koftegruppa (fb) dukka det opp ei kofte eg la merke til med ein gong!! Det kan være den raude fletta nedover lekkert mønster og fargar. Camilla, la ut detta foto - med etterlysning av mønster og navn. Flinke folk, spora opp Capella fra Sandnes Kamgarn Spinneri . Der jobba mormors kusine, Liv Høvåg. Ho designa utallige mønstrar hos Sandnes Kamgarn. Familien, skreiv om Liv, lika før ho blei 100 år. Mor mi, besøkte Liv nokre gonger, før ho døde rett før 101 årsdag. Liv, angra på at ho ikkje fekk navnet sitt på mønstrane. Litt heider til henne, for at mønsteret som den gong kosta 75 øre- altså lenge si... fortsatt blir strikka!!
første utgave, strikka eg i Nord/Drops - og pinne 3 mm --- vart altfor liten til meg. Så kjøpte eg Lima/ Drops og gjekk opp til pinne 3,5 og 4 mm - samt strikka raglan. Vart litt oversiza, men eg liker kofta så godt slikt. Myntknappar kjøpte eg hos Bente & Carolines Håndarbeidsbu. Passa perfekt !
Eg valgte Cerise istaden for raud, denna gong. Hekla rundt armar og knappestolpe, syntes det friska så fint opp i gråtonane.
Desse sokkane er strikka i Sisu - og mønster har eg henta frå Novita-hefte frå 2018

Spennande historie om kofta di, kjekt å strikka av design fra familien. Den blei kjempefin👌 Godt gjort å strikka to på rappen!
SvarSlett