11/24/2020

Dukkeklær, Flettejakke og Knappeskjørt

 

                Gammel dukke, får nytt hår -- det er tidkrevande å sy.  Strikker litt klær inni mellom øktene. Då  heldst dukkelær av gamle oppskrifter.   


                           Dukka Pusle Maria, har fått Julatøyet på.  Skjørtet er hekla, resten strikka
                   Detta er garderobe for ein bamse --  blir ein del av julegava til Hanna. 
                                Utav garn eg kjøpte av " wenjo" - grårosa.melert, har eg strikka meg Flettejakka som var mønster på i Familien 18/2020   --  dobla garnet med rosa 1class frå Mayflower. Det vart finast med rosa i kombo.  Prøvde med einsfarga koks og ecru -men, rosa vart finast. 

                   Dobla Bjørk frå Viking til detta Knappeskjørtet i frå boka til Marte Helgetun, Strikketid.
               Desverre altfor stort for meg -- eg strikka da i XL - burde visstnok gått ned ein størrelse!! Akkja, får sjå til våren om eg strikke nytt.  Då vil eg satsa på Lingarn som Marte, anbefaler! 

11/10/2020

Lang ullbukse, to sjal og to puter

 Strikker i vei, kan du sei!

                                                Strikka i Flora/Drops.  
Barnebarn Hilde, får buksa til Jul. Ho valgte sjølv utifra heftet til DSA


                 Kjekke sjal - med frynser.  Brukt Cashmir Fine 16 frå Lana Gotta.  Dobbelt i det koksgrå. Dobla med Alpaca Silk i det Turkise. 

                            Marte Helgetun har mykje fint i bøkene sine.  Liker godt hennes design

                  Så har eg prøvd meg på tredimensjonalt strikk.  Inspirer etter naustet eg ikkje klarer å gå forbi uten å ta bilde!!  Bakgrunn er strikka i tjukt ull- garn frå House of yarn, på pinne 20 mm
                       Kosa meg skikkeleg når eg får kreera og skapa med pinner og garn.



10/18/2020

Strikking for vinterkalde dagar

 På ann igjen , i omvendt rekkefølge.   Alt forsvann for meg -- veit ikkje om eg gidd å skriva ny tekst. Ville berre visa mest kva eg fekk utav sølvtråden eg fekk frå svigerinne, Sølvi.  Pluss anna til vinteren. 


                                             Vest utav 9 nøster Hjerte Cotton Flamme
                                          Med knappar påsydd, kan eg hekte på legg/knevarmare, om det blir skikkelig kaldt under regnbuksa. 









                     Hals eller lue ?? Det enda opp som hals. Lana Gotta Cashmere 16 fine. 


9/23/2020

"Nina"-genser og litt forskjellig

   Første julegave ferdig!   Genser i alpacca Tweed/ Adlibris . Mønsteret heiter Nina. Fant det i Yarnmade- magasin.      Skulle egentlig strikka ei Ingridjakke, men den vart altfor stor. Så prøvde eg å tove den, med dårlig resultat.     Så X og ut med denna.                                                              

XX
                                                   
                                   Eg har strikka meg lange leggvarmare i tynn ull frå Stoff&Stil
                                     Dei kan eg dra over knærne og !! Utrulig drøyt garn - brukte litt over 50 gram
                                   Så har eg fått testa ut Marion L Rindsem\s Leafsjal.  Det blei ikkje så stort, men heilt okey som ein hals.  Har farga detta litt, då eg brukte rest av eit anna garn.  
                                                 Fargen minner om Bjørnebær !! 

Ny hobby!!

Vant budrunde på krøllete hår, lange nåler og påbegynt hode /Tjorven.  Satte meg til med å sy nokre hårtustar- etter vegleiing og råd på Tjorvengruppa /Facebook.  Brukte omlag 1,5 veke på å få ferdig hodet - og syntes det vart bra!!

      Mangler kropp til detta Tjorvenhodet, håper nokon kan hjelpa med det.  Er på utkikk både på Finn og bruktbutikker. 
 
Av resten - 30 gram hår - klarte eg å nytta på "Pusle"-dukka.  Den kjøpte eg skamklypt. Stor forandring og eg er så glad for eg tok jobben. 


9/06/2020

Camillavariant av " Capella" k 858 med Lindavri

I koftegruppa (fb) dukka det opp ei kofte eg la merke til med ein gong!! Det kan være den raude fletta nedover lekkert mønster og fargar.   Camilla,  la ut detta foto - med etterlysning av mønster og navn.   Flinke folk, spora opp Capella fra Sandnes Kamgarn Spinneri .   Der jobba mormors kusine, Liv Høvåg.  Ho designa utallige mønstrar hos Sandnes Kamgarn.  Familien, skreiv om Liv, lika før ho blei 100 år.  Mor mi, besøkte Liv nokre gonger, før ho døde rett før 101 årsdag.  Liv, angra på at ho ikkje fekk navnet sitt på mønstrane.  Litt heider til henne, for at mønsteret som den gong kosta 75 øre- altså lenge si... fortsatt blir strikka!!       



             første utgave, strikka eg i Nord/Drops - og pinne 3 mm --- vart altfor liten til meg. Så kjøpte eg Lima/ Drops og gjekk opp til pinne 3,5 og 4 mm -  samt strikka raglan.  Vart litt oversiza, men eg liker kofta så godt slikt.   Myntknappar kjøpte eg hos Bente & Carolines Håndarbeidsbu.  Passa perfekt ! 
Eg valgte Cerise istaden for raud, denna gong.  Hekla rundt armar og knappestolpe, syntes det friska så fint opp i gråtonane.  


                        Desse sokkane er strikka i Sisu - og mønster har eg henta frå Novita-hefte frå 2018

8/25/2020

Mauds sokker og "Bladverk"

 Eg durer i veg og kjem ikkje på å blogga så mykje for tida.   Strikka gjer eg nok meir, enn nokon gong før - må sitja med foten høgt (etter operasjon av kne)   - er hoven over ankel og vrista, men har ellers det ok med kne, for å fatte meg i korthet!

Sokkar med Mauds hjerter, er eit hefte eg har tatt fram.  Dei er så fine i tynt ullgarn. 

  Garnet er kjøpt hos Wenche J Dahle/ wenjo  - ho har farga det.  Luksus for meg, desse sokkane.
 Strikka ein modell med kort skaft - det gjekk kjempefint.  Brukt sokkegarn frå Adlibris.no - usikker på kvalitet, men holder fint ennå.  Brukt mykje!!! 

    I Familien i sommar kom denna toppen.  Eg falt pladask. Den vart ei utfordring. Måtte laga med diagram for å gjer jobben enklare. Her gjekk fellingar og kast til høgre og venstre, om ein annan, men tykjer eg har fått eit bra resultat.  Strikka i Dale Lerke. 
Denna toppen, var gjordt på ein to, tre!  Dobbelt Belle, passa fint til strikkefasthet.  Den skulle strikkast på pinne 8 mm , eg brukte 7 mm og fekk den fin i str. M.    Som det ser, forlenga eg den og strikka på ein volang nederst!  Då kjem den nedpå baken og det passar "frua" best! 


Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...